lørdag 25. april 2009

Siste samling for DKL 104

Akkurat som på siste samlinga i 102 så gjekk heile torsdagen på å gi respons i grupper på to, eg havna på gruppe med Kristin frå gruppe 2. Men i staden for å gi respons på alle oppgåvane så blei det det gidd respons på A1 (fordi vi i gruppa bestemte oss for å ta føre oss ein Podcast som eksamensoppgåve) og prosjektplanen for eksamen.

Fredagen derimot gjekk ut på ein god del planlegging inna for gruppa, respons og hjelp/veiledning frå Kjell og Torbjørn for å få prosjektplanen på rett spor. Som sagt så starta gruppa våre dagen med veiledning frå Kjell, der den andre gruppa jobba med sitt medan vi fikk hjelp av Kjell. Deretter når vi var ferdig med veiledninga så var det deira si tur. Medan fikk hjelp av Kjell satte vi oss ned og jobba meir med prosjektplanen våra og satte opp eit grov milepælsplan fram til eksamen. Etter matpause så fikk vi veiledning med Torbjørn sida vi har bestemt oss for å lage ein Podcast til eksamensoppgåve. All denne planlegginga og tanke på nøye ordlegging i prosjektplane har tatt sin tid, men vi har komt oss eit steg nærmare til eit eventuelt godt produkt til eksamen. Noko som eg har god trua på med tanke på den gruppa eg har.

I løpet av neste veke så går frista ut når det gjelde å ha alle delemna dekka i nettsted og blogg. Det einaste som eg ikkje heilt, kan forstå kvifor, har tatt føre meg er Hensyn. Men det delemne er ein repitisjon frå i fjor som eg ikkje ser på noko vanskligheit med å få knote noke ned om. Og så er det berre ca tre veker igjen til eksamen så vi har masse å sette fingrane i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar