Jaja, like lite å rapportere dinna veka her også sjølv om det nærmar seg eksamen. Har hatt ingen nettleksjonar å fokusere på noke som he gjort det litt mindre å gjere og tenke på. Men har fortsatt ein del å tenke på. Har eg dekka og gjort noko i alle delemna i 102 og 104? Har eg komt igjennom nok pensum? Er dei mappeoppgåvane som vi ikkje har fått tilbakemelding på gode nok til bestå? Og etc, etc, etc...
Har i denne veka fått hjelp av Mona på mandag med filminga til A3. Har fått redigert, fiksa og triksa med filmen og blitt ferdig med den. Det einaste som står igjen egentli er den skriftlege biten og å tegne storyboarden på nytt igjen. Veit at Carl sa at det viktigaste ikkje var å tegne kunst, men at vi skulle få fram det vi ville gjennom f.eks strekmanna, noko som eg har tatt i bruk til de grader, men eg har aldri våre flink til å tegne heller ikkje strekmanna og kjem ikkje til å bli det heller. Men det er godt at dei ikkje skal sjå på kor nydlege storyboarda er. Ellers i denne veka så har prosjektplanen utvikla seg til eit ferdig produkt. Nok ein gong har Mona trådd til til å være den som sette ting i gang :D Ho har våre flink til å sette i gang med dokumentet i google for å få ting rullande. Å godt er jo det ;)
Hmmmm, la meg tenke, la meg se...kan eigentleg ikkje kome på noko meir som har blitt gjort denne veka her. Ventar i spenninga på tilbakemeldingane til mappeoppgåvane i 102 og 104. Håpe det blir gode tilbakemeldinga. Ellers så håpar eg at alle har hatt ein fin påske så langt og vi sjåast på samling i dei to neste vekane ;) Until next time, over and out.
Viser innlegg med etiketten Veke 15. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Veke 15. Vis alle innlegg
lørdag 11. april 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)
