Oppgåve 2 Bridge Construction
Då har eg testa og greid ein par level i programmet. Level 1 og 2 var ikkje så alt for vanskelige så dei tok ikkje så lang tid før eg fikk trafikkantane trygt over utan dei skulle havne i elva begrunn av den dårlege konstruerte brua eg laga.
For kvar level eg starta på, la eg merke til at eg begynte sånn halveis å tenke ut ulike konstruksjonar før eg begynte å bygge på nytt igjen etter eit av dei andre konstrusjonane mine ikkje holdt og lot bilane heller stupe ned i elva istaden for å kome trygt over. Istaden for å sitte å trykke rundt å legge til stål barar for å sjå om kanskje det holdt så satte eg heller å tenkte ut forskjellige måtar eg kanskje kunne bygge ein trygg bru. Broren min kom inn på rommet ein av dei gongane eg har holdt på med programmet å kommenterte over kor konsentrert og fokusert eg var. Med slike programmar som dette her så får det oss til å tenke på ein heilt anna måte enn kva vi ellers er vande til. Iallefall så er det slik for meg. Det er slike spel som dette som er blant mine favoritter når det gjeld spel. Likar spel som får meg til å tenke å ruske opp i dei små grå slik dei også får litt trim :)
Eg har ikkje heilt komt i mål når det gjeld level 3, men eg ser at eg begynde å nærme meg. Kvar gang bruen kollapsar så ser du om somme område på brua er stabile eller iallefall nærmar seg. På bilete ser du summen (cost: 13613) eg har komt opp i, men som eg tru ikkje kjem til å være slutt summen.
Hadde det ganske gøy når det gjaldt dette spele. Kan vel eigentleg seie at eg valgte denne oppgåva fordi eg visste det kom til å være gøy istaden for ein vanleg skuleoppgåve som sette i gang dei små grå som alltid blir satte i gang når det gjeld skulearbeid. Litt forandring i ny og ne kan være ganske greit :)
