lørdag 31. januar 2009
Då er veke 5 over
Tida går alt for fort...kanskje det er ein god ting? Denne veka her så har eg komt meg igjennom Norskboka.no. Noko som var ganske lett lesestoff :) Var masse som eg kunne og visste frå før, men er greit med ein liten repetisjon. Fikk óg lest meg igjennom begge nettleksjonane, og gjort oppgåva til 102 nettleksjonen. Leste gjennom rapportane "Enhancing Child Safety and Online Technologies"og "Foreldre og venner reduserer ungdoms risiko for å bli utsatt for overgrep på nettet" og fått skreve noko lite om dei. Om det var det vi skulle skrive om det, veit ikkje eg, men har ivertfall fått skribla noko ned. Har fått sett meir på M1 102, men ikkje heilt fått komt i gang endå. Det går litt treigt i svingane med å kome i gang med denne oppgåva. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal grip fatt i kva oppgåva spørj etter. Men har fikk tips med Karina frå 102 at eg kunne kike på bloggane til henne, Linda og resten av gruppa deira. Sida dei hadde ein kollokviesamling i løpet av veka. Kanskje ligg der nokre tips som kan sette i gang dei små grå. Men så var det mange ressursar på leksjon 2 i Sosial Web som kan kome til god nytte. Håpar at i løpet av helga så havnar M1 102 i eit dokument, og det nærmar seg slutt slik eg kan starte på den andre A1 104 oppgåva. Gruppe 1 i DKL 104 har så vidt fått kika på A1 oppgåva, men i løpe av oppgåva so skal vi lage ein nettradio :P Eg ser veldig fram til det. Linda som er gruppeleiar vår har laga ein nettside og ein blogg som vi skal bruke til Nettradioen vår. Eg ser fram til sluttproduktet noko som eg trur blir utruleg bra :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar