Den digitale verden er ganske prega i dagens samfunn sidan opp i mot nesten alt føregår digitalt. Visse ulempar og fordelar er ei sjølvfølgje med det digitale. Noko som antropologen Michael Wesch og sosiologen Niel Selwyn sine synspunkt lyse opp.
Wesch meinar at vi kan ta i bruk sosiale web og at vi bør tillate sosiale nettverkstenester i klasserommet t.d. bruk av bærbare datamaskiner, iPod og mobiltelefonar. Wesch har sett og observert at studentane ikkje berre vil motta informasjon, men at dei òg ønske å dele og utveksle informasjon som dei har opparbeida seg. Så ifølgje Wesch så er det ein ny måte å skaffe seg informasjon og kunnskap, og engasjerande for studentane på er å la dei også bli med på å bidra med informasjon. Han ønske at nettverkstjenestane skal bli ein del av læringa i skulen. Gjennom dette så blir det sosialt.
Det Selwyn meinar er ganske ulik iforhold til kva Wesch syns og meinar. Selwyn er ganske skeptisk til bruk av sosiale web i undervisninga, og meina at undervisninga blir alt for uformel. Uformell læring og bruk av digitale nettjenestar kan ein sjølve ta eige ansvar for seier han. Bruken av sosiale programvarer skal være meiningsfulle, så må lærarane vite akkurat når, korleis og kvifor det kan passe seg å ta det i bruk i undervisinga syns Selwyn. Lærarane bør også ha erfaring ved bruk av dei forskjellige sosiale weba før dei blir tatt i bruk i undervising med elevane sine.
Eg forstår veldig godt både Wesch og Selwyn sine meiningar, men eg bikkar meir mot kva Wesch synst om denne saka at vi brude ta i bruk sosiale web i undervisninga. Grunnen er eigenteleg enkel, sida vi er i den tida vi er i så seie det seg sjølv at vi ta i bruk dei verktøya som er mest brukt av studentane for å gjere forvekslinga av kunnskap og informasjon enklare og lyst til studentane til å lære igjen. Men sjølvsagt så må vi passe på som Selwyn seier at dersom samarbeid og undervising på sosial web skal kunne skje må måla for undervisinga vere klare.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar