fredag 6. mars 2009

2.samling 102

Ja, då er samling 2 ferdig, kun ein samling igjen. Er litt trist å tenke på, men vi har sånn halvveis planlagt ein liten feiring til siste samling. Eg seie berre, SKÅL!

Kjell starta ganske enkelt med å forklare at Kjartan ikkje lenger jobber ved skulen. Kjartan hadde fått ein jobb ved ein skule som ligg ikkje så langt ifrå der han er ifrå. Lykke til, Kjartan! Etter fylgt så la han opp til spørsmål og avklaringa angåande M2, arbeidskrav, Picasa (geotagging og film) og Google Earth. Blei nesten ikkje for mykje spørjing angåande M2 sida alle gruppane hadde levert. Det som tok si tid var Picasa og Google Earth. Grunnen er ganske enkelt med at vi ikkje hadde så alt for masse erfaring og innsikt i dei forskjellige programma. Eigentleg mest Google Earth. Fleste parten hadde brukt eller prøvd ut Google Earth, men ikkje på den måten Kjell viste oss. Vi delte oss etterkvart i gruppe og starta på ein oppgåve som du finn i nettstaden min under Digital arena 1 og 2. Bjørn Helge var ikkje der torsdage, men joina oss dagen der på. Sida vi ikkje blei heilt ferdig med oppgåva så sa Kjell at vi kunne heller møte opp ein halve time seinare på fredagen (Kl 09.30) slik vi kunne bli ferdig med det som trengs før gruppane skulle vise fram det dei hadde gjort.

Gruppa mi møtte opp kl 09, slik vi kunne ta bilete av det vi trengte for så å legge dei inn i Picasa 3, lage film i Picasa 3, geotagge filmen i Picasa 3 og nettalbumet, og for så å overføre filmen til nettalbumet i Picasa. Vi trengte å legge inn filmen i nettalbumet fo å greie å vise filmen i presentasjonen vår. Vi var heldige med at vi var den siste gruppa og at Kjell gløymte at vi var den siste gruppa. Når alle før oss var ferdige så tok vi pause, og i pausa påpeikte vi det til Kjell at vi hadde ikkje vist presentasjonen vår. Men det var heilt greit det skjedde som det skjedde sida vi greide akkurat å bli ferdig med alt til pausa var ferdig :) Kjell begynte deretter på ein foredrag om Pedagogiske programvare. Der eg må være heilt ærlig å seie at eg ikkje fikk så alt for mykje med sida eg dreiv å duppa av i ny og ne der ein av gangane Kjell måtte seie: Karete, nå må du våkne! Satte ein liten støkk i meg så greide å halde meg våken enn så lenge :P Men Kjell fikk ikkje fullført foredraget begrunn det blei litt feil tolking i når Torbjørn ha foredraget sitt om SketchUp. Når han var ferdig fikk vi ein oppgåve i SketchUp der vi skulle lage vår eiga hus i SketchUp og laste det opp til Google Earth. Lettare sagt enn gjort for å være heilt ærlig. Var eit ganske interresant program, men fy pokker altså! Alt for mykje dill for min nok så begrensa tolmodigheit, men det blei litt gøy når eg fikk det til å funke å forstå programme betre, men utrulig lite gøy når programme ikkje gjore det eg ville det skulle gjere :) Men slik er det vel med alt. Det var ein par stykker som fikk det utruleg bra til. Blei ganske imponert. Men sida vi brukte eigentleg litt for masse tid på SketchUp'en (som eg ikkje heilt blei ferdig med, men som du finn i den same sida i nettstadet mitt). Så Kjell måtte rase igjennom foredraget om Dataspill. Noko som var intersant og morosamt. På slutten så ville Kjell at vi skulle teste ut eit spill som gjekk ut på at vi skulle konstruere ein bru som skulle holde og ikkje kræsje å halde bilar :) Deretter dro vi alle til kvar vårt.

Ja, då er vi så å seie nesten halveis i semesteret og ein siste samling igjen :) Litt trist eigentleg når eg tenker over det. Er ein utruleg kosleg og god gjeng eg studerar med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar