Jaja, tida tikka avgårde. Enda ein samling unnagjort, 2 igjen. Denne veka her har eigentleg våre ganske roleg i forhold til andre. Leksjonane i 102 og 104 gjekk ganske greit å kome i gjennom. Spesielt leksjonen i 104, Videoproduksjon. Syns dette temaet er kjekt å lese om og tanken på kva eg skal ta føre meg i A3 oppgåva har allereie begynt å surre rundt i haudet mitt. Vi fikk vite på samlinga for 104 at A3 oppgåva blir individuell, noko som gjore at vi alle i 104 blei ganske forvirra og overraska. Sida vi alle trudde at arbeidskravoppgåvane våre skulle være gruppeoppgåvar. Leksjonen i 102, Informasjonskompetanse, var heilt okey. Masse fakta som eg eigentleg visste frå før, men det er sjølvsagt kjekt med ein liten repitasjon. Fikk M3 denne veka også, noko som var ganske surrealistisk sida det er den nest siste oppgåva vi treng å tenke på før eksamen kjem rundt hjørnet. Kika igjennom når eg fikk den og ut ifrå det eg las og kom fram til så trur eg denne oppgåva kjem til å gå bra. Var eit heilt ok tema, men som eg trur eg kunna forholdt meg meir til som student enn ein lærar. Men det seier seg sjølv når eg ikkje er ein lærar eller lærarstudent. Sida mange av oss i 102 syntes at leksjonen som vi fekk denne veka her ikkje hjalp oss så alt for mykje i å kome i gang med M3, noke som Helene tok opp i Fronter. Gjore at vi fikk den andre leksjonen av informasjonkompetanse i denne veka her. Synst det var heilt genialt ;P Den leksjonen var greiare enn den første. Vi blei introdusert til informasjonsnavet som Kjell kalla det i M3, Netvibes. Har enda ikkje fått laga meg ein enda tenkte eg skulle bli ferdi med oppgåvane i leksjon 1 i 102 fyrst. Har ikkje blitt heilt ferdig med A2 enda, men vi har eigentleg berre å korte ned litt i innleveringsdokumente. Noko som eg trur skal gå greit så lenge vi veit kva vi treng å kutte ned :P
Well, until next week. Adios, amigos!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar