Både igår og idag jobba vi med videoproduksjon, ganske kjekt må eg seie. Torsdag så hadde vi Fride foredrag om kamerabruk og vinkel å etc. Vi såg litt av ein film (Raising Arizona) for å sjå på vinklane og vi fikk også vite korleis dei forskjellige vinklane fungerar og fram stiller vedkommande (tilt, panorering, heimen var ganske A4.....), og vi såg ein kort film på fransk. Etter film tittinga og komenteringa forflytta vi oss bort i idrettsbygge for at Carl kunne fortsette med ein foredrag som gjekk meir i detalja om kameravinkel bruk. Vi blei delt opp i små grupper og fikk testa ut kamera utstyret og "laga" eit lite klipp. Deretter dukka Fride opp igjen der vi resten av tida satte oss ned å laga manus, storyboard og synopsis. Vi skulle lage eit manus ut ifrå eit ordtak vi fikk. Noko som var ikkje så alt for lett i starten. Eg, Mona og Anders fikk fyrst "Like barn leker best", men der satt vi heilt fast. Så vi fikk ein ny "Barnet må lære å krype for det kan lære å gå". Både eg og Anders var heilt blanke med idear, men heldigvis var Mona i slaget ;) Vi starta å diskutere rundt kva historien skulle være og korleis vi skulle film, kva vi trengde av saker og ting, og location. Uheldigvis så motte eg trå i hovudrolla, men det var ikkje så gale som eg trudde det kom til å bli.
Dagen idag starta vi med å få utstyret til filminga. Vi gjekk med ein gang i søk om ein plass som vi kunne bruke til filminga, noke som vi fann ganske kjapt. I starten av filminga var det litt latter som prega innspelinga :) Noko som var forventa, iallefall frå min side ;P Men etterkvart så gjekk innspelinga som smurt. Vi holdt oss faktisk til heile storyboarden/manus som vi hadde planlagt dagen før. Noko som eg ikkje hadde forventa. Vi hadde så å seie halve dagen på innspeling av det vi trengte og den andre halve tida til redigering. Redigeringa gjekk bra synst eg. Eg hadde brukt Windows Movie Maker før så det var eigentleg ein slags repitisjon inna for bruken av den. Men hadde det utruleg artig med redigeringa med Mona og Anders. Var artig å sjå kva vi fikk til å sette saman med det vi hadde filma. Når vi var sånn cirka ferdig med redigeringa så såg Frida gjennom filmen å kom med nokre tips om korleis vi kunne gjere den betre og kva vi kunne forandre på den. Vi satte til verks, men vi kom fram til at vi skulle ha musikk til filmen også. Noko som vi la til 5-10 min før vi skulle vise filmane som alle gruppane hadde laget. Eg må seie at den musikken som Anders og Mona fann fram passa utruleg bra med filmen. Det var veldig knapt med tid som gjore at vi brukte ein halvetime meir enn kva vi skulle, men vi kom igjennom alle filmane. Vi tok ein film om gangen og fikk tilbakemelding av dei andre i klasse og tips av lærarane om eventule ting som vi kunne ha endra slik vi fikk meir ut av filmen. Denne samlinga var utruleg morosam og kjekt :D Men det hadde kanskje våre litt greiare med litt meir tid på slutten.
Filmen vår Gr 1: Barnet må lære å krype før det kan lære å gå. <-- For å sjå i større format.
Laga av Anders, Mona og Karete.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Dokke er kjempeflinke. Forstår ikkje korleis dokke kjem på alt eg:) Flott film:)
SvarSlett