søndag 29. mars 2009

Enda ei veke, men ikkje så alt for masse stress

Jaja, då har vi komt oss igjennom ei veke til. Denna veka her har våre ganske roleg, men sers effektiv. Så det blir ikkje så masse i skrive om i denne bloggen her.
Hadde Skype møte med Marit på mandag fordi eg ville diskutere med andre enn meg sjølv angåande M3. Vi kom fram til ein del iløpet av det møte. I løpet av onsdags ettemiddag så hadde eg laga ein Netvibes, leita fram sider til den og knota ferdig M3. Med hjelp av Marit og Mona når det gjaldt retting av tekst og små tips på korleis eg kunne gjere den betre. Så eg var utruleg sjokkert over kor masse eg fikk unna gjort i denne veka her. Spesielt når vi fikk siste leksjonen i Informasjonskompetansa også denne veka her. Den var informasjonsrik når det gjaldt kjeldekritikk, men innehaldt ein del som eg også visste og hadde tenkt litt på sjølv. Men alt i alt ganske grei leksjon. Berre det at den leksjonen var den siste i 102 óg at leksjonen inna videoproduksjon er dei siste i 104 er enda uvirkelig. Men eg ser fram til den SISTE oppgåva inna DKL-studien. Ikkje berre at det er ein liten video som vi skal lage, men at det betyr vi nærmar oss slutten. Leksjonane i videoproduksjon har våre utruleg lett lest og kjekt. Eg hadde allereie danna meg idea til kva eg kunne ta føre meg i A3 før den kom ut, men var ganske fornøgde med kva A3 sa vi skulle gjere. Har enda ikkje fått skreve ned noke, men ideane flyge rundt i haudet mitt. Så dette her gler eg meg til :D

Ellers så har ikkje det skjedd så mykje meir i denne veka her utan om leksjonane i 102 og 104 og effektiv jobbing med M3. Vel, to be continued....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar